Du er her: Startsida
31. aug 2016, 06:13


Velkomen til Møre Folkehøgskule Sommarhotell i Ørsta


Treng du overnatting på Sunnmøre eller skal du arrangere
kurs/seminar, bryllaup eller konfirmasjon? Møre Folkehøgskule gir deg gode tilbod.

Møre Folkehøgskule Sommarhotell er ope frå medio mai til slutten av august. Våre prisar for overnatting er frå kr 400. Skulen har og fleire lokale med ulik storleik for kurs / konferansar. Dette kan kombinerast med servering frå kjøkkenet og overnatting på Sommarhotellet.

Skulen leiger ut to minibussar. Desse har 16 seter kvar, og krev sertifikat for minibuss og sjåførkort for ferdskrivar. Mange har og vore interessert i å leige våre kajakkar for spanande turar og kurs i fjordane våre. Ta kontakt for avtale!

Nærområdet byr på mange gode muligheiter for utflukter og turar. Sunnmørsalpane er vel kjende for store og små naturopplevingar. Alt frå det enkle og koselege til det dramatiske og spektakulære. Møre Folkehøgskule ligg sentralt plassert på Sunnmøre for dei som ynskjer utflukter til m.a. Geiranger, Ålesund eller Runde. 

Ta kontakt  for meir informasjon og gode tilbod.



Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon

Motta vårt nyhetsbrev.
E-postadresse:
Namn:
Firma:
Meld på
Meld av