Du er her: Startsida
4. sep 2010, 05:55


Velkomen til MF-sommarhotell i Ørsta!


Skal du skal arrangere bryllaup, jubileum, kurs, konfirmasjon eller treng overnatting, kan Møre Folkehøgskule gi deg gode tilbod!

I tillegg til å drive folkehøgskule har vi ei mengd lokale for utleige til ulike tider av året. Bryllaup og andre feiringar kan arrangerast hos oss i sommarferien og i skuleferiane. Sommarhotelldrifta går frå midt i mai til slutten av august. Våre prisar er lave; overnatting frå kr. 300,- Gjennom heile året har vi ”Fagerlia” til disposisjon for overnatting og utleige. Skulen har og fleire lokale med ulik storleik for kurs / konferansar. Dette kan og kombinerast med servering frå kjøkkenet og overnatting på internatet.

Skulen leiger ut to minibussar. Desse har 16 seter kvar, og krev sertifikat for minibuss og sjåførkort for ferdskrivar.  Mange har og vore interessert i å leige våre kajakkar for spanande turar og kurs i fjordane våre.  Ta kontakt for avtale!

Nærområdet byd på mange gode muligheiter for utflukter og turar. Sunnmørsalpane er vel kjende for store og små naturopplevingar. Alt frå det enkle og koselege til det dramatiske og spektakulære. Møre Folkehøgskule ligg sentralt plassert på Sunnmøre for dei som ynskjer utflukter til m.a. Geiranger, Ålesund eller Runde.

I menyane til venstre vil du finne meir detaljert informasjon om våre tilbod. Ta kontakt  for meir inforamsjon og gode tilbod!

Velkomen til MF-sommarhotell! 



Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon

Motta vårt nyhetsbrev.
E-postadresse:
Namn:
Firma:
Meld på
Meld av